Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den unge mannen og havet

UTKONKURRERT: Jesmark Scicluna veit å handtera både fisk, garn og den tradisjonelle luzzuen (båten). FOTO: MER FILM

Tradisjonelt fiskeri er nær borte, og med det kulturen fisket skapte.

(Luzzu, Malta, 2021)

Regi og manus: Alex Camilleri.

Med: Jesmark Scicluna, Michela Farrugia, David Scicluna.

Sjanger: Drama.

Lengde: 1 t. 35 min.

Vist på: Kino.

Det moderne Malta ser ein sjeldan på kinolerretet. Øystaten blir brukt til internasjonale filminnspelingar, men ein maltesisk spelefilm, med maltesisk handling, på maltesisk språk, har i alle fall ikkje eg sett før «Luzzu – fiskeren fra Valletta». Det åleine gjer filmen verd å sjå.