Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Sivilt mot i Myanmar

BRUTALT: Korleis få omverda til å forstå? «Myanmar Diaries» tar eit breitt register i bruk for å nå opinionen i utlandet. FOTO: HUMAN FILMFESTIVAL

(Myanmar, Nederland, Noreg / 2022)

Regi: Myanmar Film Collective.

Språk: Burmesisk, engelsk teksting.

Sjanger: Dokumentar.

Lengde: 1 t. 10 min.

Vist på: Human filmfestival i Oslo.

«Høyrer du oss?» spør ei ung kvinnerøyst gong på gong over sluttbilda i «Myanmar Diaries», der vi ser unge burmesarar forsvinna inn i jungelen. Orda til den anonyme kvinna lyd som ei bøn både til høgare makter og til oss som ser på utanfor grensene til heimlandet hennar. Og, ja, det er uråd ikkje å lytta til dei unge, uidentifiserte filmskaparane, som deler liva sine med oss i denne unike dokumentaren, som nyleg vart prisa på filmfestivalen i Berlin.

Det er berre eitt år sidan militærkuppet i Myanmar, 1. februar 2021, men alt no har hendingane kome i skuggen av andre verdsnyhende. Det har også vore vanskeleg å få påliteleg informasjon ut av landet. Brutaliteten i terrorstyret til general Min Aung Hlaing held likevel fram med uminska styrke, til store konsekvensar for burmesarane og med totalt yrkesforbod for uavhengige journalistar og filmskaparar.

Livsfare og trugsmål om represaliar har aldri hindra all opposisjon, journalistikk eller kunstnarisk verksemd. Også tidlegare har folk både rapportert frå og filma i skjul i Myanmar.

Det som skil «Myanmar Diaries» frå slike reportasjar, er at filmen har eit forbløffande høgt kunstnarisk nivå, med ein svært gjennomtenkt struktur.

Dette er særleg imponerande fordi filmen er sett saman av unge filmskaparar som ikkje kan arbeida saman, men som kva for seg har filma segment som gjev ulike innfallsvinklar til kvardagsliv og motstand i eit de facto diktatur.

Med stor sans for filmatisk rytme, narrativ klipping og bildekomposisjon vekslar filmen mellom sjølv-iscenesetting av privatliv og mobiltelefonopptak av demonstrasjonar, arrestasjonar og observasjonar av vilkårleg politi- og militærvald i gatene. Dette skjer både skjult og ope med oppsiktsvekkjande høg fotokvalitet.

Gateopptaka har nokre utrulege scener, som forevigar enormt sivilt mot: Ei bestemor som held ein lang, rasjonell og samanhengande appell til unge soldatar om å tenkja på si eiga framtid, gjer inntrykk. Det same gjer den hjarteskjerande lyden av ei barnerøyst, fanga av ein mobil på gata utanfor heimen, i det barnet freistar å stansa arrestasjonen av mor si.

Fleire arrestasjonsscener startar med at familiane appellerer til lov og rett, så til alminneleg rettferd, dernest til personleg empati og til sist med bøn og fortviling. Ingen av delane får svar. Ordrar blir berre utførte.

Det som gjer «Myanmar Diaries» nyskapande i sjangeren, og som legitimerer tittelen på filmen, er likevel dei iscenesette glimta av det som ein gong var ulike, men alminnelege ungdomsliv. Gjennom animasjon og ekspressiv bildebruk fyller desse scenene ut filmens psykologisk mosaikk – effekten av brutaliteten i gatene, konsekvensen av dei politiske streikane, drapa på nære og kjære, tap av inntekt, av kjærleik, venskap og sosial kontakt.

«Myanmar Diaries» er produsert med støtte frå blant andre Fritt Ord og blir vist og debattert på Human dokumentarfilmfestival i kveld.