Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit lite utsnitt av fellesnordisk historie viser filmpotensialet i materialet.

Politisk melodrama

HANDFAST MAKTSPELAR: Trine Dyrholm ber tittelrolla som dronning Margrete den første akkurat så godt som ein kunne venta av henne. FOTO: SF NORGE

Både moderne og mellomaldersk portrett av ei maktkvinne før si tid.

(Danmark, 2021)

Regi: Charlotte Sieling

Manus: Jesper Fink, Maya Ilsøe og Charlotte Sieling

Med: Trine Dyrholm, Søren Malling, Morten Hee Andersen, Jakob Oftebro, Bjørn Floberg, Magnus Krepper, Thomas W. Gabrielsson, Agnes Rase, Simon J. Berger, Paul Blackthorne

Sjanger: historisk drama

Lengde: 2 t.

Vist på: Kino

Kor potent eldre, europeisk historie er, blir vi minte om når det bryt ut krig på kontinentet og aggressorane grip tilbake gjennom hundreåra for å legitimera nye overgrep. Vladimir Putins ekstreme demonstrasjon av korleis historiske fakta kan nyttast til å konstruera vrengjebilde, er også ei påminning om at all historieskriving er forteljing, og at all forteljing med historieskrivande pretensjonar – inkludert historiske film- og tv-drama – bør bli møtt med kjeldekritisk debatt.