Er graset grønast på den andre sida?
Kilden Teater, Kristiansand
Av: Rune Belsvik.
Regi: Runar Hodne.
Kostyme: Ane Ledang Aasheim.
Lyddesign: Simen Hefte Endresen.
Lysdesign: Andreas Fuchs.
Komponist: Bjørn Charles Dreyer.
Med: Ragnhild Meling Enoksen, Henrik Rafaelsen, Eirik Langås Jørgensen, Bjøro Håland, Hamza Kader, Marius Lien, Ann Ingrid Fuglestveit, Ulla Marie Broch og Isabel Toming.
Frå 1820 til 1920 utvandra meir enn 800 000 nordmenn til USA, og berre Irland hadde større prosentvis utvandring. Dette er godt kjend. Men at utvandringa heldt fram heilt til utpå 60-talet, og at Agder var den regionen som stod for størst utvandring, er mindre kjend sjølv om dei fleste nok har høyrd om den merkverdige Amerika-bindinga på Lista i Farsund.