Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ny vaksine blir tilgjengeleg i Noreg

KORONA: Frå veke 10 blir eit mindre parti av koronavaksinen Nuvaxovid frå firmaet Novavax tilgjengeleg i Noreg, opplyser Folkehelseinstituttet. Denne koronavaksinen byggjer på ein meir tradisjonell teknologi enn mRNA-vaksinane til Moderna og Pfizer, som er mest brukt i Noreg. – Det er vedteke å gjere eit mindre tal dosar av Nuvaxovid tilgjengeleg i Noreg slik at dei som ønskjer å nytte seg av denne vaksinen, får høve til det, seier overlege Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding. Ho meiner det ikkje er grunnlag for å føretrekkje denne vaksinen framfor mRNA-vaksinar. ©NPK