Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Små oppdrettarar har aldri gått betre, men dei kjempar med nebb og klør mot formuesskatt:

Sym i pengar, men vil ikkje skatte meir

STÅR PÅ: Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk meiner at dei familieeigde oppdrettsselskapa skaper store verdiar som kjem lokalsamfunnet til gode.

LUKRATIVT: Oppdrettsnæringa kjempar mot økt skatt. Det skjer i ein bransje der sjølv dei minste familieeigde selskapa med under ti tilsette har hatt hundrevis av millionar i overskot dei siste tre åra.

I Førdefjorden i Sunnfjord kryr det av lakseoppdrettsanlegg. Dei er stort sett alle eigde av små, lokale familieselskap, og dei tener alle store summar med pengar.