LUKRATIVT: Oppdrettsnæringa kjempar mot økt skatt. Det skjer i ein bransje der sjølv dei minste familieeigde selskapa med under ti tilsette har hatt hundrevis av millionar i overskot dei siste tre åra.
I Førdefjorden i Sunnfjord kryr det av lakseoppdrettsanlegg. Dei er stort sett alle eigde av små, lokale familieselskap, og dei tener alle store summar med pengar.