Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lærarar vil ha raudt nivå inntil dei har fått booster-doseElevane reagerar

Vil ha raudt nivå for skular

RAUDT: Nestleiar i Skolenes Landsforbund Jon Oddvar Holthe vil setta alle skular over på raudt nivå til lærarane har fått tilbod om ein tredje vaksinedose. Elevorganisasjonen fryktar faglege og sosiale konsekvensar for elevane.

RÅD: LO-forbundet rår regjeringa til å legga om til raudt nivå på alle trinn i skulane. Elevorganisasjonen kallar det «ein dårleg idé».

Frustrasjonen er stor blant lærarane etter at regjeringa i romjula innførte unntak for karantenereglane.

Når skulane og barnehagane no startar opp att etter ferie, må alle lærarar og tilsette i barnehagar gå på jobb sjølv om dei har vore nærkontakt til ein koronasmitta person. På fritida må dei derimot i karantene som alle andre.

Kriteriet for å sleppa inn på jobb som nærkontakt er ein negativ hurtigtest.

LO-forbundet Skolenes landsforbund er oppgitt, både over karantenefritaket og det dei meiner er dårleg kommunikasjon knytt til gjeldande reglar ut til organisasjonane.

Rådet frå LO-forbundet er å setta alle skular over på raudt nivå inntil alle lærarar har fått tilbod om tredje vaksinedose. Det seier nestleiar Jon Oddvar Holthe i Skolenes landsforbund.

– Det er ikkje slik at skulane blir stengt på raudt nivå, men då hadde folk vore i karantene, seier han.

Skal i møte i dag

I dag er dei kalla inn til eit møte i Utdanningsdirektoratet der dei kan koma med innspel til trafikklysmodellen.

Trafikklysmodellen går frå grønt nivå, der det er vanleg organisering av klassar og undervisning, mens raudt nivå inneber ei lang rekke koronareduserande tiltak for å minimera kontakten.

– Bør både barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular over på raudt nivå?

– Ja, inntil alle har fått vaksine, hadde det vore det enklaste.

Mens det i forskrifta om smitteverntiltak står at «arbeids- eller oppdragsgiver plikter å planlegge driften av virksomheten slik at bruken av unntakene i denne bestemmelsen i størst mulig grad unngåast», er unntaket som lærarar og barnehagetilsette er blitt ein del av no, kommunisert ut som ein hovudregel.

– Karantene på fritida står seg og har heimel. Spørsmålet er når ein kjem til unntaket. Juridisk er det upløgd mark.

Elevane reagerer

Elevorganisasjonen har forståing for frustrasjonen blant lærarane, men reagerer sterkt på rådet om å gå over til raudt nivå i skulane. Edvard Botterli Udnæs, leiar for Elevorganisasjonen, kallar det for «ein dårleg idé».

– Det er veldig viktig at me ikkje stenger ned skulane som eit føre var tiltak eller på bakgrunn av andre faktorar, seier han.

«Skulestenging har faglege og sosiale konsekvensar for elevane»

EDVARD BOTTERLI UDNÆS, LEIAR FOR ELEVORGANISASJONEN

Udnæs understrekar at det er viktig å passa på at tiltaka ikkje bidrar til at lærarane brenn lysa i begge endane, men han meiner raudt nivå og fare for stengde skular har store konsekvensar for elevane.

– Skulestenging har faglege og sosiale konsekvensar for elevane. Det gjeld ikkje berre dei sårbare elevane, men alle elevar. Då kan karanteneunntak vera eit naudsynt vonde.

Ulike reglar

Slik situasjonen er, burde lærarane i det minste få stilla på jobb med munnbind dersom dei ønsker det, meiner Holthe, men det er stor variasjon i praktisering av munnbind blant skulane.

– Nokre skular meiner det er greitt med maske, andre rektorar meiner det skremmer elevane og nektar lærarane å gå med munnbind. Det blir praktisert forskjellig.

Holthe er kritisk til regjeringa og helsestyresmaktene sin kommunikasjon kring dei nye reglane. Han meiner organisasjonane i langt større grad burde vore dratt inn på både drøfting og orientering.

– Me har slite litt med korleis me skal kommunisera vidare når det blir sagt så mykje forskjellig over alt.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production