Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Venstre langar ut mot raudt nivå

SKULE: Abid Raja (V) reagerer kraftig på avgjerda til regjeringa om å trasse faglege råd og halde fram med raudt nivå i vidaregåande skular. – Elevane taper med raudt nivå. Derfor er det uforståeleg at regjeringa går inn for å vidareføre det når sjølv FHI foreslår å gå til gult nivå, seier Raja i ei pressemelding. Også tidlegare kunnskapsminister Guri Melby (V) langar ut mot regjeringa på Twitter. Både FHI, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har tilrådd å gå frå raudt til gult nivå på grunn av vedvarande låg smitte blant 16-19-åringar. Også barneombod Inga Bejer Engh er svært kritisk til avgjerda om å halde oppe raudt nivå i vidaregåande skular. ©NPK

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production