EVALUERING: Ein ny forsvarskommisjon skal evaluere norsk forsvarspolitikk og stake ut kursen for framtida. Raudt håpar på sjølvransaking og kursendring.
Statsforvaltar Knut Storberget skal leia den første norske forsvarskommisjonen på 30 år. Hovudmandatet til kommisjonen blir å vurdere ulike truslar, konfliktar og vegval for norsk forsvar dei neste 20–30 åra.