Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Først no i det siste har eg teke til å undrast på kva som dreiv henne.

Bråk på loftet

Fillerya lukta stramt av kjellar og måtte ha to omgangar i vaskemaskinen før ho kunne leggjast på loftsgangen. Det kjentest like viktig som det ein gong må ha vore å hiva henne ut. All rydding skjer ut frå eit verdisyn, og når ho for tretti eller førti år sidan nesten blei kassert, kan det berre forklarast med at eg verken akta på det arbeidet som var lagt ned i henne eller det ferdige produktet. Når ho kom til heider og ære igjen, må det ha skjedd eit omskifte i mine eigne verdiar. Slik kan ein driva arkeologisk utgraving i seg sjølv, og finna handfaste bevis utan å ha noko personleg minne om det.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.