Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svekt tillit etter bybanesaka

MINSKAR: Bergens befolkning er til liks med politikarane splitta i synet på kvar bybanetraseen bør gå, og den betente saka har svekt tilliten folk har til bystyret. Det viser ei måling Kantar har utført for TV 2. I alt 43,8 prosent av dei spurde svarer at Bybanen bør gå over Bryggen, medan 46,8 prosent meiner banen bør gå i tunnel, og 9,4 prosent svarer «veit ikkje». Onsdag vart det fleirtal for forslaget frå opposisjonen om å leggje Bybanen utanom Bryggen og i tunnel mot Åsane. Saka har vore politisk betent i lang tid. Det Ap-styrte byrådet ønskte heller å leggje Bybanen over Bryggen og hadde varsla at dei ville gå av dersom alternativet deira ikkje fekk fleirtal. ©NPK