Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regissør Khadar Ahmed har fått opna somaliske kinoar og vorte Oscar-kandidat med filmdebuten sin:

Ein somalisk filmpioner

NYSKAPAR: Den sjølvlærte filmregissøren Khader Ahmed vonar å utvikla fleire filmhistorier frå Somalia og på somalisk. Denne veka presenterte han «Guled & Nasra» på Film fra Sør i Oslo. Christopher Olssøn

Khadar Ahmed kom ikkje inn på filmskole, men har gjort kometkarriere med «Guled & Nasra».

For to veker sidan opna ein stor kino i Mogadishu dørene for første gong sidan borgarkrigen braut ut i 1991. No vart alt sett i stand for å visa «Guled & Nasra», regidebuten til Khadar Ahmed. Filmen vekte oppsikt i Cannes i år og er Somalias første Oscar-kandidat nokon gong.