Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vurderer å endre fråværsgrensa

SKULE: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til NRK at regjeringa jobbar med å finne ei løysing for fråværsgrensa i skulen. – Eg har veldig stor forståing for at fråværsreglane skaper stort engasjement og at dette er noko som er krevjande, særleg i område med mykje smitte, seier Brenna til kanalen. Ordføraren i Trondheim, Rita Ottervik, ber Brenna fjerne fråværsgrensa så raskt som mogleg. I går kalla kommunen inn til ekstraordinært krisemøte etter ein kraftig auke i smittetala den siste tida, skriv Adresseavisen. Etter det Adresseavisen erfarer, vil regjeringa i dag kunngjere at covid-unntaket frå fråværsgrensa blir gjeninnført.©NPK