Stem nei, hadde det stått bakpå Volvoen til faren. Kjersti Toppe var fem år. Ho hadde vore med faren og delt ut brosjyrar mot norsk EU-medlemskap. Ho hadde vore med foreldra som avla stemmene sine i urna, og ho hadde kjent på alvoret som prega landet denne septemberdagen i 1972.
Kjersti Toppe har blitt kritisert både for å vera heime med små ungar og for å reisa frå dei. Som barne- og familieminister er det ho som skal sette standarden.