FEITT: Mens mange slit med å betala straumrekninga, svir Statkraft av sju millionar på sjefen. Styreleiar Thorhild Widvey åtvarar mot lønnsfrys framover.
I over ti år har Christian Rynning-Tønnesen vore administrerande direktør i Statkraft. Statkraft tilbydde han ei fastlønn på rett over 4 millionar kroner då han kom om bord i 2010, sidan den tid har lønna stige med 1,6 millionar.