- Vakre Lodalen i Stryn har mange campingturistar som bokstavleg talt legg frå seg drit til bry for bygdefolket. Trolltunga i Odda har fått mykje merksemd for redningsoperasjonane for å hjelpe lettkledde turfolk. Dei legg ein del avføring etter seg òg. Lofotodden nasjonalpark har same problemet. I Bergen var det ein tung sommar for naboar til Nygårdsparken, der opp mot tusen ungdommar festa dag ut og dag inn utan at det var noko toalett i nærleiken. Ja, det stemmer, dei bæsja i hagane til folk. Desse sakene har kome jamleg frå alle kantar av landet dei seinaste åra. Men vi må hugse at det skjer mykje bra på dritefronten for tida.
Godt nytt
Dagboka