På dagen for opninga av Stortinget offentleggjorde Høgsterett ein dom, som kan gje nye utfordringar for den påtroppande mindretalsregjeringa og dei raud-grøne partia dei søker støtte frå i stortingssalen. Ein samrøystes Høgsterett slo måndag fast, at konsesjonen til vindkraftutbyggingane i reinbeiteområdet på Fosen var ugyldig, fordi utbyggingane krenkjer samane sin rett til kulturutøving. Det er brot på FNs konvensjon om sivile og politiske rettar. Kva følgjer dommen vil få for to av våre største vindkraftparkar, er uvisst.
Kva betyr vindkraftdommen for grøn industri- og miljøpolitikk?