- Du kan seie mykje om dei ulike konstellasjonane av borgarleg regjering som har styrt landet dei siste åtte åra, men det har ikkje vore ei kjedeleg regjering. Vi har hatt åtte justisministrar. To av dei dreiv med avisboikott, éin med avisbrenning. Ein tredje hadde ein sambuar som tente på bilen hans ved hjelp av raudsprit og ein hyssing ned i bensintanken, og ein fjerde hadde ein ulovleg tilsett au pair.
Kjedeleg
Dagboka