Politisk thriller krev også levande roller.
(Noreg/Tyskland, 2021)
Serieskapar: Gjermund Stenberg Eriksen.
Regi: Magnus Martens, Lars Kraume.
Med: Ine Marie Wilmann, Nina Kunzendorf, Pål Sverre Hagen, Preben Hodneland, Cecilie Mosli, Hallvard Holmen, Ulrich Noethen, Johann von Bülow, Benjamin Sadler, Christian Berkel.
Lengde: 8 episodar på 40 til 50 min.
Vist på: Viaplay.
Europeiske høgreekstreme konspirerer for å endra det tyske parlamentsvalet. Ein politisk thriller kan ikkje bli stort meir aktuell enn det, men «Mammon»-skapar Gjermund Stenberg Eriksen nøyer seg ikkje med å skildra trugsmål mot Tyskland i sin nye serie «Furia». Han har ambisjonar om å teikna eit totalbilde i miniatyr av vår tids islamofobe, valdsmotiverte (inter-) nettverk og knyta utviklinga av desse til 22. juli-terroristen og hans inspirator, bloggaren «Fjordman».