Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pappfigurar på nett

TØFFE TAK: Pål Sverre Hagen og Ine Marie Wilmann får køyrt seg i «Furia». FOTO: VIAPLAY/NENT GROUP

Politisk thriller krev også levande roller.

(Noreg/Tyskland, 2021)

Serieskapar: Gjermund Stenberg Eriksen.

Regi: Magnus Martens, Lars Kraume.

Med: Ine Marie Wilmann, Nina Kunzendorf, Pål Sverre Hagen, Preben Hodneland, Cecilie Mosli, Hallvard Holmen, Ulrich Noethen, Johann von Bülow, Benjamin Sadler, Christian Berkel.

Lengde: 8 episodar på 40 til 50 min.

Vist på: Viaplay.

Europeiske høgreekstreme konspirerer for å endra det tyske parlamentsvalet. Ein politisk thriller kan ikkje bli stort meir aktuell enn det, men «Mammon»-skapar Gjermund Stenberg Eriksen nøyer seg ikkje med å skildra trugsmål mot Tyskland i sin nye serie «Furia». Han har ambisjonar om å teikna eit totalbilde i miniatyr av vår tids islamofobe, valdsmotiverte (inter-) nettverk og knyta utviklinga av desse til 22. juli-terroristen og hans inspirator, bloggaren «Fjordman».