Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Etter ein oppheita «kulturkrig» rundt James Bond – kan han tilfredsstilla alle? «Apparently».

Woke Bond

007 x 2: Den gamle og den nye tid. Daniel Craigs James Bond kjem tilbake frå pensjon for å møta agenten som har arva nummeret hans, Ms nye «mønsterelev» Nomi (Lashana Lynch). FOTO: SF NORGE

Bond går ned «memory lane» i siste utgåve med ein god Daniel Craig.

(USA, 2019)

Regi: Cary Joji Fukunaga.

Manus: Neal Purvis, Robert Wade, Cary Joji Fukunaga, Phoebe Waller-Bridge, basert på Ian Flemings karakterar.

Med: Daniel Craig, Rami Malek, Lashana Lynch, Christoph Waltz, Ralph Fiennes, Jeffrey Wright, Ana de Armas, Léa Seydoux, Naomie Harris, Ben Whishaw.

Lengd: 2 t. 43 min.

Vel, vel, vel. Kva er vel eit betre uttrykk for at vi er tilbake til «normalen» enn at James Bond – sjølve personifiseringa av «verda-er-mi-leikegrind-mentaliteten» – er tilbake på kino, akkurat i det salane kan fyllast opp igjen?