Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mirage ber oss om å sjå aktivt på verda.

Vakre, vrange verd

SHEIK YOUR BOOTY: Regissør Yuri Ancarani har dokumentert dei absurde liva til saudiske sjeikar. FOTO: MIRAGE FILMFESTIVAL

«Spill av noe», er den nyaste funksjonen i Netflix. Brukarundersøkingar viser at abonnentane – som betaler ei månadleg leige for strøymetenesta – har problem med å velja kva dei vil sjå og ofte blir sitjande lenge å bla i den ikkje altfor hjelpsame katalogen, som gjev stikkordsrettleiing av typen «steinhard» og «snufser». Om du berre ikkje greier å bestemma deg, kan Netflix ta avgjerda for deg, og spela av ein serie du ikkje har sett før … men som til forveksling liknar det som ligg i «min liste».