Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Valdirektoratet rosar særleg kommunane og valmedarbeidarane for innsatsen ved stortingsvalet, som dei seier gjekk som planlagt. – Vi er veldig fornøgde med valgjennomføringa. Tysdag ettermiddag blir dei seint innkomne førehandsstemmene talde. Når kommunane har gjennomført både førebels og endeleg oppteljing, skal fylkeskommunane gjennomføre kontrollteljinga, skriv kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen i Valdirektoratet i ein e-post til NTB. Hittil har det ikkje vorte meldt inn avvik frå valobservatørane. Heller ikkje stemmeteljinga ser ut til å ha vorte påverka av koronasituasjonen. ©NPK