Ekte familieverdiar
Ein sjeldan empatisk dokumentar lèt oss koma nær stor kjærleik og indre smerte.

(Petite fille, Frankrike, 2020)
Regi: Sébastien Lifshitz.
Med: Sasha og familien hennar.
Lengde: 1 t. 30 min.
Vist på: Kino.
Kva ligg i eit ansikt? Det er eit spørsmål som har engasjert filmskaparar heilt sidan pionerdagane. Den svært samtidsaktuelle, franske dokumentaristen Sébastien Lifshitz konstruerer heile filmspråket sitt rundt nærbilde, og det på eit vis som fører tankane mot stumfilmkunstnarar som Carl Th. Dreyer og hans «Jeanne d’Arc» (1929). Assosiasjonen er kanskje ikkje heilt tilfeldig. Lifshitz’ prislønte dokumentar «Lille jente», om den 8-årige transjenta Sasha, portretterer eit stoisk lite menneske som ber på ein stor indre smerte og ei personleg sanning, som blir mistrudd og dels forakta som fantasi og vranglære av omverda.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent