Omstendeleg, men inderleg om adopsjon og foreldreskap.
(Asa ga Kuru, Japan, 2020)
Regi: Naomi Kawase.
Manus: Naomi Kawase og Izumi Takahashi, basert på Mizuki Tsujimuras roman.
Med: Hiromi Nagasaku, Aju Makita, Hiroko Nakajima.
Lengde: 2 t. 19 min.
Vist på: Kino og strøymetenester.
«Mødre» er endå eit humanistisk drama frå den japanske regissøren Naomi Kawase, kjent for den originale og sosialt avslørande venskapshistoria «Under kirsebærtrærne». I familiedramaet «Mødre» lagar ho igjen – på sitt subtile vis – eit kutt gjennom fleire sosiale strukturar i heimlandet. Denne gongen er reiskapen ei lenge interessant kompleks, men til slutt hovudsakleg melodramatisk adopsjonsforteljing.