Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Ein ny rapport frå Rystad Energy konkluderer med at eit kutt i produksjonen av olje og gass i Noreg truleg vil bidra til auka globale utslepp av klimagassar. Det er bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass som har bestilt rapporten som vart kontroversiell allereie to veker før framlegginga fordi programleiar Fredrik Solvang konfronterte MDG-leiar Une Bastholm med nokre av hovudfunna – som altså enno ikkje var publisert – under NRKs partileiardebatt i Arendal 16. august. I rapporten konkluderer Rystad Energy med at eit produksjonskutt i Noreg «med stor sannsynlighet» vil auke dei globale klimagassutsleppa. ©NPK