Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kloten brenn, men Noreg er i front med klimatiltak.

Det kokar

Klimarapporten frå Dei sameinte nasjonane deiste i knollen på oss på måndag med dei harde realitetane om at vi øydelegg jorda snøggare enn vi greier å drikke oss klare til å pisse i buksa. Det einaste vi kan håpe, er at ekstremflaumane kjem same staden som skogbrannane og sløkkjer dei. Generalsekretæren bed oss skrinleggje all oljeproduksjonen. Det han kanskje ikkje har fått med seg, er alle dei gode klimatiltaka Noreg er i gang med og skal setje i gang med.