I romanen «Korrigeringer» av Jonathan Franzen er den amerikanske stjernekokken Denise på danningsreise i Europa, og keiar seg slik at ho går på besøk til nabojenta Cindy som no er rikt gift i Wien, endå dei aldri har hatt mykje felles. Denise tenkjer med seg sjølv at Cindy er oppskjørta og fråstøytande og at dei dyre møblane og måleria hennar er vulgære. Cindy forsterkar det dårlege inntrykket med å hersa med hushjelpa og snakka nedlatande om det vesle huset som Denise voks opp i.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.