Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Luca» blir kalla eit postkort. Det gjev den rett ramma rundt nostalgien.

Italiensk feriehelsing

FARGESPRAKANDE: Luca (Jacob Tremblay) og Alberto (Jack Dylan Grazer) i menneskeham midt i den «evige» ferieidyllen Porto Rosso. FOTO: DISNEY PLUSS

Skilnaden på Pixar og kopistane deira er at dei legg sjel i arbeidet. Då kjenner vi med figurane.

(USA, 2021)

Regi: Enrico Casarosa.

Manus: Jesse Andrews, Mike Jones Distribution: Disney+.

Med: Jacob Tremblay, Jack Dylan Grazer, Emma Berman, Saverio Raimondo, Maya Rudolph, Marco Barricelli, Sacha Baron Cohen.

Aldersgrense: 6 år.

Lengde: 1 t. 39 min.

Vist på: Disney +

Freia brukte i si tid slagordet «Til sindets munterhet». Ein rimeleg reklame for søtsaker, som ikkje prøvde å lata som at produktet var helsekost. Både slagordet og sjokoladen melder seg i minnet når ein ser Pixars sommarferiefilm «Luca». Her handlar det enkelt og greitt om to livselskande turistar litt utanom det vanlege – gutane Luca og Alberto – og deira opplevingar på sjølvstyr i fiskarlandsbyen Porto Rosso (uttalt med italiensk rulle-r, medan den som snakkar lagar ein klype-gest med fingrane).