Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Økt eksport av forsvarsmateriell

VÅPEN: Norske bedrifter eksporterte våpen og militært utstyr for om lag 6,2 milliardar kroner i 2020, mot om lag 4,5 milliardar i 2019. Auken i eksporten svarer til 36 prosent samanlikna med 2019, melder Utanriksdepartementet i den årlege meldinga om eksport av forsvarsmateriell. Medlemslanda i Nato, Sverige og Finland er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, og i 2020 utgjorde eksporten til desse omtrent 86 prosent av den totale eksporten. Eksporten av anna militært materiell til desse landa utgjorde 88 prosent i 2020. Ifølgje Utanriksdepartementet er terskelen for å avslå ein eksportlisens låg, og Noreg fører ei streng «føre var»-linje. ©NPK