Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Meiner sertifikatet diskriminerer

DIGITALISERING: Mange ikkje-digitale eldre vil slite med å få tak i koronasertifikatet, meiner Eldreombodet. Dei krev at ein skal kunne få det i posten eller hos legen. – Det er diskriminerande. Styresmaktene verkar digitalt fartsblinde, og ikkje-digitale blir taparane, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen. I ei pressemelding trekkjer ho fram at helsenoreg.no viser ikkje-digitale innbyggjarar til å opprette ei fullmakt for å kunne be andre skaffe sertifikatet for seg. Vidare står det at «Det jobbes med en løsning for en utskriftsversjon for deg som ikke bruker mobil, PC eller nettbrett, men denne er ikke klar ennå».©NPK