VELSTAND: Ifølge Ap kunne vi alle vært 343.000 kroner rikere uten Høyre ved makta.
«Når de rike blir rikere, blir det mindre på alle andre. Det gir Høyre blaffen i».
KRIG: – Vi må erkjenne at på viktige område har vi ikkje oppnådd måla vi sette oss for bistanden til Afghanistan, seier statsminister Erna Solberg (H). Solberg gjorde i går greie for Stortinget om det norske bidraget og om planane for tilbaketrekking. Dei norske soldatane er blant dei siste som skal forlate Afghanistan innan fristen som er sett til 11. september i år. Solberg meiner tilbaketrekkinga kan føre til at andre konfliktar vil komme til overflata. – Eg skal samtidig vere ærleg på at det er forbunde med betydeleg risiko å trekke seg ut før det finst ein fredsavtale mellom dei afghanske partane, sa Solberg.©NPK