Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvisten

  • Då eg stod i kassa på butikken her om dagen, tok eg sedvanleg ned øyretelefonane då det var min tur. Eg har jo eit snev av folkeskikk. Det var ei litt rar stemning nokre sekund då han i kassa høyrde at eg hadde «Se ilden lyse» av Sissel Kyrkjebø på full guffe, men eg såg tilbake på han med det kaldaste «kva har du med det å gjere?»-blikket eg hadde og stod i det. Ja, takk, pose, ja. Nei, ikkje kvittering. Ha ein god dag. Full av sjølvtillit gjekk eg heim og kokte opp nøyaktig rett mengd pasta til middagen. Når ein har dagen, så har ein dagen. Då går alt vegen.