TENER FEITT: Leiarane håvar inn millionar, medan dei som jobbar på åkrane ligg i botnen av statistikken. Dei må vise fornuft på toppen, seier Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Sjefane i bondesamvirka Tine og Nortura sit på toppen av lønsstigen i jordbruket, med løner på høvesvis 4,1 og 3,8 millionar kroner. I tillegg får kvar av dei hundretusenvis i pensjon og andre ytingar.