Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vanen

  • Eg har vant meg til å seie Equinor nesten som om Statoil og Norol aldri har eksistert og at equi ikkje tyder hest. Eg seier Vestland fylkeskommune utan å irritere meg over at det ikkje er bestemt form eller berre er ein del av Vestlandet. Eg bryr meg ikkje nemneverdig om at Dobbeldusch har endra designen på flaskene, sjølv om eg står over dei svarte. Eg seier Bane Nor utan å bry meg for mykje, eg greier å seie Oslomet nesten heilt utan å halde meg for nasen. Eg er ikkje eingong irritert på den nye teljemåten frå 1951.