Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Meiner vaksinen er dødsårsaka

HELSE: Ei gruppe forskarar har konkludert med at ein immunrespons etter Astrazeneca-vaksinen førte til at tre helsearbeidarar fekk blodpropp, og at ein av dei døydde. – Vi har årsaka. Og det er ingen andre ting enn vaksinen som kan forklare at vi har fått den immunresponsen, seier overlege og professor Pål Andre Holme ved Rikshospitalet til VG. Førebels ønskjer ikkje medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket å kommentere funna til Holme og ekspertgruppa hans. – Vi tek ikkje standpunkt til dette her og no. No skal dette diskuterast i den europeiske biverknadskomiteen. Vi vil ikkje forskotere resultata derifrå, seier Madsen til NTB. ©NTB