Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krev avgradering av Berg-rapport

KLAR TALE: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes trur andre parti vil vere samde med han i at EOS-utvalets rapport om Frode Berg-saka bør avgraderast. EOS – utvalet er Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenestene i Noreg. Utvalet har på eige initiativ undersøkt Frode Berg-saka. Stortinget har oppretta ein særskild komité for å behandle den hemmelegstempla rapporten. Onsdag fekk komiteen ei forklaring om saka frå EOS-utvalet, og etter møtet er Moxnes krystallklar på at rapporten må avgraderast. – Raudt fryktar at regjeringa vil hemmeleghalde og hale det ut i tid, fortel Moxnes og meiner det er heilt uaktuelt i denne saka.©NPK