Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • «Jeg syns ikke det er bra», sa dåverande Haugesund-kaptein Per Morten Kristiansen til Josimar i 2015 då fotballtidsskriftet spurte kapteinane i norske klubbar og landslaget kva dei meinte om fotball-VM i Qatar. Og han heldt fram: «Det går ikke an å spille fotball i en sånn hete.» Fleire andre kommenterer varmen, at det tek vekk sjarmen å spele fotball-VM om vinteren, at dei vil byggje «sinnssykt kule stadionanlegg» og det vert eit «heidundrende mesterskap». Islendingane Guðmundur Kristjánsson og Indriði Sigurðsson frå Start og Viking var den gongen dei tydelegaste av 17 spurte kapteinar.
  • The Guardian har brukt tal frå land som har sendt mange arbeidarar til Qatar og plasserer dødstalet til 6750 omkomne frå India, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og Pakistan sidan Qatar vart tildelt meisterskapen i 2010. I tillegg har land som Kenya og Filippinane òg sendt mange arbeidarar til Qatar. Bak tala ligg forteljingane om Ghal Singh Rai frå Nepal som betalte 10.000 kroner for å få jobbe med reinhald i ein arbeidarbygning. Han tok livet sitt før det hadde gått ei veke. Mohammad Shahid Miah frå Bangladesh fekk straum gjennom seg i arbeidsleilegheita han budde i og døydde. Det er minst 6750 slike historier.
  • No er Fotball-Noreg endeleg på rett veg. Tromsø sende for nokre dagar sidan ut pressemelding om at dei oppmoda til norsk boikott. Viking kasta seg på, Odd og Strømsgodset det same. Brann går truleg med etter årsmøtet. Eg vil tru fleire klubbar kjem til. Spelarar har byrja å snakke om det. Eit supporterinitiativ vil hindre norske klubbar i å reise til dei verste regima. Fotball-Noreg har vore så treige på dette området, men no er det endeleg stemning for å boikotte driten. Det einaste problemet er at Noreg må kvalifisere seg for å ha noko å boikotte.