Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Brennbart: Patrick Radden Keefe bles på glørne frå fortida i sin true crime om The Troubles.

Valdens historie

HISTORIE: Eit veggmåleri dedisert til IRA-frivillige i Beechmount i Belfast.FOTO: PETER MUHLY/AFP/NTB PETER MUHLY
Sakprosa

Patrick Radden Keefe

Si ingenting.

Sakprosa

En sann historie om mord og terror i Nord-Irland

Omsett av John Grande

Cappelen Damm 2021, 528 sider

I ei lang liste takkseiingar bak i «Si ingenting» skriv journalisten Patrick Radden Keefe at han har lese The New Yorker sidan han var barn og «fortsatt [er] litt målløs over at et tidsskrift jeg er så glad i, har blitt arbeidsplassen min». Eg nemner det for å gjere merksam på to ting: Først at boka, trass i å vere ein tilgjengeleg true crime, inneheld eit omfattande noteapparat som røper at Keefe er fortruleg med New York-publikasjonens sedvanar for detaljert faktasjekk.