SPRÅK: Sysselmannen på Svalbard er for lengst døypt om til sysselmeister – i tråd med Stortingets vedtak frå 2019 om å innføre kjønnsnøytrale yrkestitlar i statlege verksemder. No har turen komme til lensmannen, og Politidirektoratet (POD) tek til orde for politiavdelingsleiar. Forslaget vart oversend Justis- og beredskapsdepartementet fredag førre veke. – Det knyter seg mange kjensler til ein tittel som har eksistert i cirka 900 år. I tillegg til å finne eit godt namn på ein gammal og historisk tittel, må namnet òg i størst mogleg grad spegle noverande funksjon og organisatoriske plassering, skriv direktoratet i ein e-post til Politiforum. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Brua
Dagboka
- På sundag tok ferja MF Sulafjord nokre turar att og fram mellom Knarvik og Steinestø, ei absolutt legendarisk ferjestrekning som vart erstatta av ei mykje etterlengta bru i 1994. Fram til det trafikkerte mellom anna MF Austrheim, no MF Sulafjord, sambandet. Etter motorreparasjonar måtte dei ta nokre testturar. Mannskapet sende ut invitasjonar i alle dei ferjegruppene eg er med i på Facebook, om at det var å møte opp. Faktisk var det 350 som møtte opp, blant dei ei som er fødd på ferja. Eg fekk med mormora mi, til middels entusiasme. «Og eg som ikkje kunne fordra den ferja. Ja, ja», sa ho og sukka. Mormødrer er greie slik, dei vert med på det barnebarna føreslår, uansett kor teit det er.