Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

For mange forteljingar

Fredrik Longvas tekst grip rett inn i kvardagen til ungdomen, men vil for mykje.

NÆRT: I sorga finn Tara (Catharina Vu) etter kvart ein fortruleg venn i Ferdinand (Preben Lillebø Rongve).FOTO: ARILD MOEN/TINGH

Teatret Vårt, Ålesund

Av: Fredrik Longva.

Regi: Fredrik Longva.

Scenografi og kostyme: Erika Sjödin.

Lysdesign: Jonas P A Fuglseth.

Musikk: Vera Krohn Svaleng.

Med: Catharina Vu, Preben Lillebø Rongve, Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Sandberg og Lars Halvor Andreassen.

Det er tidleg haust, skulen har starta opp att, men i løpet av sommaren har tenåringsjenta Angeline forsvunne. Nå blir ho funne. Ho har drukna i ei elv. I sorga etter bestevenninna si flyttar Tara (Catharina Vu) ut i skogen, i det ho kallar Habitatet. Der bur ho for å finne ut av seg sjølv og kome vekk. Den roa får ho ikkje, for her kjem etter kvart heile skulen, personifisert ved fire av elevane. Det er den sjølvopptekne og poserande elevrådsleiaren Nadia B (Benedikte Sandberg) og den litt naive følgjaren hennar, Nadia H (Amalie Sofie Ibsen Jensen). Og så er det Ferdinand, som etter kvart blir Taras einaste fortrulege (Preben Lillebø Rongve), og Michelangelo (Lars Halvor Andreassen), som er Angelines tvillingbror.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?