Her ein kveld sat eg i godstolen framfor flatskjermen mens ein horde med dinosaurar kom stormande mot meg i panisk flukt frå ein vulkan i fullt utbrot, somme på fire bein, andre på to, langhalsa planteetarar og rovdyr med digre kjevar om einannan. Heldigvis svingde alle saman til sides før dei datt i fanget på meg. Men faren var ikkje over, for venene mine der inne i filmen sat med bildøra open og venta på sistemann, som sprang for livet mellom trampande kjempeøgleføter gjennom gneisteregn og støv og røyk.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.