- Då Ola Borten Moe var olje- og energiminister i den raudgrøne regjeringa, skar han gjennom og gav norske olje- og gassfelt skikkelege namn som Ivar Aasen, Aasta Hansteen, Edvard Grieg og Johan Castberg. Han hadde fått nok av det han kalla Harry Potter-namn, for før det fekk jo felta namn som Brage og Balder, Kvitebjørn og Lille-Frigg. Før det igjen, hadde dei statlege namn som Statfjord, og aller først skulle namna vere fiskenamn med første bokstaven frå blokka feltet var i. Phillips gav dei namn som Cod og Eel, men det er litt vanskeleg å vere kreativ i lengda, så dei gjekk over på norske namn som Ekofisk.
Namnet
Dagboka