Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tempen på 2021

DAY ONE: Erik Egenes og Maria Refsland har heldt det gåande heilt sidan barnehagen. FOTO: MARTINE RØDLAND EGELAND
Album

Føkkefjord

Småbyen lokke

Rural Rebel Rock/Diger Distro

Tre år etter Føkkefjord sin sjølvtitulerte platedebut er det endeleg klart for oppfølgjaren. Duoen frå Flekkefjord, som består av barndomsvenane Eirik og Maria, leverer framleis gitarbasert visepønk, med samfunnskritisk edge og lite sjølvhøgtideleg haldning. Skiva er resultatet av koronakarantene med einsemd og heimlengsel, så vell som å spele på Tønes nesten 20 år gamle låt «Storbyen lokka». For der Oslo lokka Føkkefjord inn i si hole hand med pizza og kebab, manglar storbyen småbyen sin tryggleik og ro.