Føkkefjord
Småbyen lokke
Rural Rebel Rock/Diger Distro
Tre år etter Føkkefjord sin sjølvtitulerte platedebut er det endeleg klart for oppfølgjaren. Duoen frå Flekkefjord, som består av barndomsvenane Eirik og Maria, leverer framleis gitarbasert visepønk, med samfunnskritisk edge og lite sjølvhøgtideleg haldning. Skiva er resultatet av koronakarantene med einsemd og heimlengsel, så vell som å spele på Tønes nesten 20 år gamle låt «Storbyen lokka». For der Oslo lokka Føkkefjord inn i si hole hand med pizza og kebab, manglar storbyen småbyen sin tryggleik og ro.