Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Barnefilmfredag

I krig og familie er alt lov

Ein familiekrangel blir vel animert, når «Svampebobs» Tim Hill tar regien.

KRIG KOSTAR: Bestefar Ed (Robert De Niro) freistar å åtvara dottersonen Peter (Oaks Fegley) mot å erklæra krig, men blir snart drege inn i ein leik som går over styr. © FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON Ben Rothstein

(The War with Grandpa, USA, 2020)

Regi: Tim Hill

Manus: Tom J. Astle og Matt Ember basert på Robert Kimmel Smiths bok

Med: Robert De Niro, Oakes Fegley, Poppy Gagnon, Christopher Walken, Uma Thurman, Rob Riggle, Jane Seymour, Cheech Marin

Aldersgrense: 6 år

Lengde: 1 t. 38 min.

Vises på: Kino.

Timinga er god når «I krig med bestefar» blir lansert medan mange i lang tid har vore nøydde til å halda seg i hus med sine næraste slektningar. Jamvel om det er alderdomsutfordringar som gjer at morfar og enkjemann Ed (Robert De Niro) flyttar inn hos dottera (Uma Thurman) og overtar rommet til barnebarnet, den elleveårige Peter (Oakes Fegley), er det lett å identifisera seg med den ampre stemninga og generasjonsgnissingane som oppstår når familiemedlemmar må bu oppå kvarandre.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?