I krig og familie er alt lov
Ein familiekrangel blir vel animert, når «Svampebobs» Tim Hill tar regien.

(The War with Grandpa, USA, 2020)
Regi: Tim Hill
Manus: Tom J. Astle og Matt Ember basert på Robert Kimmel Smiths bok
Med: Robert De Niro, Oakes Fegley, Poppy Gagnon, Christopher Walken, Uma Thurman, Rob Riggle, Jane Seymour, Cheech Marin
Aldersgrense: 6 år
Lengde: 1 t. 38 min.
Vises på: Kino.
Timinga er god når «I krig med bestefar» blir lansert medan mange i lang tid har vore nøydde til å halda seg i hus med sine næraste slektningar. Jamvel om det er alderdomsutfordringar som gjer at morfar og enkjemann Ed (Robert De Niro) flyttar inn hos dottera (Uma Thurman) og overtar rommet til barnebarnet, den elleveårige Peter (Oakes Fegley), er det lett å identifisera seg med den ampre stemninga og generasjonsgnissingane som oppstår når familiemedlemmar må bu oppå kvarandre.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent