- No er eg fortvila. Eg veit at verda går til pises, verdas supermakt er eit døyande demokrati, pandemien som får økonomiar til å knele nektar å sleppe taket og kjem med nye og farlegare mutasjonar, ikkje går det an å ta seg pils eingong, men no går det verkeleg ad undas. Sportsklubben Brann skal leggje kunstgras på stadion. Sukk. Årsaken er at treningsbanene ikkje er gode nok, så dei trener på kunstgras og speler på vanleg gras. I krinsane mine går diskusjonane vilt for seg, og sidan det er rasjonelle grunnar for å leggje kunstgraset, er vi motstandarar nostalgikarar. Det er det einaste argumentet vi har.
Graset
Dagboka