NY PLAN: Domstoladministrasjonen ville legga ned tingrettar for å spara pengar. No går dei i gang med ein investeringsplan for nye rettsstadar.
– Det er ironisk at når me er lagt ned, skal me få alt me treng av utstyr, seier sorenskrivar Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett i Volda. Tingretten skal som følge av domstolsreforma gjerast om til ein rettsstad i Møre og Romsdal tingrett, som får fire lokasjonar.